torsdag 20. desember 2007

Mañana, mañana




Cochabamba ville me te. Nattbuss i 12 timar. Svettelukt blanda med tåfis. Doene underveis: tråkka i bæsj, bæsj på dosetet, gikk ikke an å spyle ner. Har me blitt herda? Jepsipepsi. Bodde på shabby hostell m/fellesbad og -dusj.

Høgdepunkt
Me gjekk på teater og såg ein jalla boliviansk versjon av Grease, bowla, gjekk opp te Kristusstatuen, besøkte sjukehuset der tove vart fødd. Fullkommen lykke. Tusla på verdas (trur me, jalfal sør-amerikas) største utemarked. Overflod av deilige fruktar, smutissar, instrumenter, kleu (kler) og alt anna mogleg tenkeleg.

Då me skulle gå ner trappa frå Kristusstatuen vart me fraråda på det sterkaste å gå ner. Ein som selde vatn på toppen sa at han hadde sett 10 menn m/kniv som venta klare te å overfalla oss. Me hadde på oss pass, visakort, penger, fotoapparat, vindushviskere, steiner me hadde samla, ja det var vel det. Så me tok taxi. Just in case. Men steike kor me undrar oss ka som kunne oppstått.

Tranquilo en Sucre
Nå har me ferieplanane klare for to uker rett etter nyttår! Ein liten tur innom Santa Cruz, by i Bolivia, før me setter snutane mot Salta, Argentina. Veit ingenting om den byen, men det var det billigaste alternativet. Gledar uss!

No sit me (elisabet) her og dullar med vårt nye husdyr, skilpadda. har fått navnet Tømmermannen. Det er ein julegåve te birgitte frå uss to. stas.

Julaften
- tre nøtter til askepott på dvd + graut
- lage julemiddag til mentor m/familie og kåken, her snakker vi ribbe m/patter på
- kl 23 feire med saman med kvar våre vertsfamilier på boliviansk vis til seint på natt
- 25. desember skal me tilbringa på barneheimen og på kvelden opptre med skodespel og sang i menigheten

god jul og godt nyttår våre kjære blogglesarar!

Ps: det er mange som har mast om adressa vår:
Kjell – Einar Barreth
Casilla 930
Sucre
Bolivia
(merk konvolutten bakpå med navna våre..)